Vil ikkje har folkesamlingar på dårleg tre-ferjekai

Bilete: Toler ikkje lenger folkesamlingar – difor er  møblar og blomekassar plassert rundt tre-del av ferjekaien. (Foto: Steinar Hystad)

Før påske vart  bord og benker og blomekassar flytta vekk frå tredelen av ferjekaien på Nordhuglo. Møblane står no rundt trekaien, bak ei rekkje kantsteinar. Ingen i busetnaden kring kaien var informerte om gjeremålet og det vert stilt spørsmål med kva som er på gang. Det er heller ikkje kome opp skilt som informerer om føremålet med tiltaket.

Stordront.no har difor spurt seg føre hos  Marius Seim Brekke, fylkeskommunen sin byggjeleiar for ferjekaivedlikehald. Han skriv i e-post:

«Etter tilbakemelding frå vår driftsentreprenør og tidlegare inspeksjonar ser vi at tredekket på Nordhuglo ferjekai er i generelt dårleg tilstand, og vi har i den anledning valt å flytta møblane vekk frå kaien for å hindre at det dannar seg større forsamlingar av folk utpå tredekket. Dette vart gjort etter dialog med Huglo Vel.

Vidare kan det verta aktuelt å sperra av trekaien eller setja opp skilt fram til vi bestemmer oss kva vi skal gjera med tredekket. Det er ikkje avsatt midlar til å gjera noko med tredekket i denne omgang. Kommunen og andre interessepartar vil verta orienterte vidare i prosessen.

«Vil be om kai på «trygg grunn»  
– Bygdalaget fekk eit innspel for noko tid sidan om tilstanden på trekaien ikkje er god, og at det ikkje måtte samlast mykje folk  utpå. Men at det er så ille at ikkje benker og blomkassar kan stå utpå, var trasig å høyra. Og endå trasigare er det at det ikkje er midlar eller planar for tiltak. Me vil no senda avgarde ei oppmoding til fylkeskommunen som kaieigar, om at det som er ubrukeleg trekai i dag, blir til bygt om til  bruks- og parkeringsområde. Det har Nordhuglo trong for, seier  bygdelagsleiar Sigurd Huglen i ein kommentar til stordront.no.