Kvifor er det strekt sperreband mellom to av bryggene i gjestehamna inst i Evjo? Spørsmålet var naturleg å stilla til hamneinspektøren, etter det uvanlege synet tysdag.
– Ein større plastleidning som har jobben med å føra by-sentralt overvatn ut på djupna, flotna brått opp i vassloket i påsken og av den grunna måtte deler av gjestehamna sperrast av. Truleg har det vore slitasje/svikt i armeringa i lodda som held leidningen på botnen. Den kommunale VA-seksjonen har saka vidare, opplyser Frode Tverborgvik.