Han er «tidtgjengd» gjest i Vatnadalen, Bjørn Arve Lunde, som etter turen opp mot Ravatnet her om dagen kan melda at første kusyma strålte i gult mellom grønt bladverk. Slikt helsar Lunde «første blomen» velkomen:
No e ho her
Gul som smør i bakken mot sør strekkjer kusymra seg opp på tå
Ho fargelegg lia som på denne tida framleis har vinterfrakken på
Når symra er ute er våren i rute – sjølv om det er kaldt
Snart me sommarkler trenge – for då blir det grønt over alt…