Snørik vinter må ta deler av skulda for at det må kjøpast nye kastestenger denne våren. Dei me hadde lagt til luftig lagring oppunder skråtaket i skuten, fekk fleire besøk av svolten smågnagar. Dyra såg seg mon i korken der hendene skal plasserast når fisk skal sveivast inn.
Truleg var denne føda det einaste musene fann å bita i når skog og mark elles, låg under halvmeteren med snø.
Når heilt sant skal seiast, uner me smådyra den hugnad dei må ha hatt i skuten, for snella på stonga var godt tilårskomen og treg i rørslene, etter kvart. No blir det ikkje lenger berre med tanken på nykjøp, no blir det handling.