
Korleis kan ei Åsnes barneski med langrennsbinding koma seg frå Voss til badestranda Vikasanden på Huglo, mutt åleine? Dette var spørsmålet familie på påskevandring stilte seg etter det spennande funnet. På skia var eit lite klistermerke med eigarnamn og telefonnummer, og via mobil vart fotodokumentert sms sendt i austeveg til Vosse-bygda. – Kjenner de att denne skia, var spørsmålet. – No fekk me eit mysterium å oppklara, var straks-svaret.
Etter ei nærare undersøking kom det fram at barneskia hadde lege i ein «skiboks» som bles av taket på ein bil då denne køyrde over Hardangerbrua ein dag med ekstra sterke vindkast. Vidare blir det teori: I samanstøyt med sjøen har boksen opna seg og ski har kome på rek og har så følgt straumane ut Hardangerfjorden til møte med straumane i Langenuen. Som så har ført skia inn i Røsbøvikjo og på land på Vikasanden.