Deltakartalet passerte 130 då Huglabutikken ønskte vel møtte til påskestart med spørsmål og pizza onsdag kveld. Pøsregnet møtte også fram i fleire millimeters styrke, men hadde ikkje nokon som helst innverknad på stemningen under tette tak i pagoden og partyteltet. Quiz-meiterinne Kjersti Helland leia happeningen med stø røyst og dei medverkande viste samla god ålmennkunnskap og scora poeng til over mykje godt pluss. Siste oppgåva var å skriva eit kort dikt til/om Huglo, og her vart mykje rørande godt lese opp.
Som desse liner frå laget «Hugululu United»:
Til øya ved Nuen går turen så lett
Av vårt vesle paradi blir me aldri mett
På Huglo har og får me alt som me treng
Særleg av slikt som ikkje kan betalast med peng…