Kamerastativ på rek

Funne i Leiro på Huglo. 

Mellom plast og rusk og rask – og veldig mykje tare, gjorde  Maren  Vevang eit helst spesielt funn då ho ein påskedag rydda i Leiro på Huglo. Der låg nemleg eit trefota kamerastativ, som no er teke vare på.  Leiro ligg tett på Langenuen og med vind og straum frå sør, er det mangt som kjem til lands i den langgrunne stranda.  Teorien å tru mest på når det gjeld dette funne, er at stativet har falle frå eit farty som har passert.

Den som saknar kamerastativet kan senda nokre ord  til tips@stordront.no  – så skal me hjelpa.