Det er ikkje gjort i ei handavending å endra på fartsgrenser . Berre spør Harald Rydland, som i si ordførartid i Fitjar fram til valet sist haust sende to grunngjevne søknader til vegeigar Hordaland Fylkeskommune om å få lågare fart på strekket Tveita-Årskog på Fv 545. Ein kortfatta søknaden først, utan å få medhald. Neste gong ein grundigare søknaden med gode argument for å ta vekk nemnd 80-sone og la skilta for 60/kmt gjelda frå Rimbareid til krysset på Rydland.
– Du seier noko, den siste søknaden har me visst ikkje fått svar på i det heile. No er eg i ein annan posisjon i lokalpolitikken, men skal lova å etterlysa saka på komande møte i «teknisk» utval, svarar Rydland når Stordront spør kvifor «opphevingsskilta» for 60-sona framleis står ved fylkesvegen på Tveita og Årbø.