– Ein gong var Børtveit-kaien reiseknutepunkt

Trekaien har gjort si teneste og skal rivast. (Foto: Steinar Hystad)

Trekaien som stikk ut i Langnuen like utfor kraftstasjonen på Børtveit er sperra for bruk, og det er frå entreprenør sendt melding til kommunen og søkt riveløyve. I den samanheng har stordront bladd i boka «Langenuen var hovudvegen», der me i eit intervju med  mangårig bussjåfør på  Stordøy, Rolf Lægreid, får informasjon om den gong  kraftstasjonskaien  var ein viktig lekk i samferdsla over  til Tysnes. Lægreid byrja som sjåfør her i 1957.

Same året Lægreid  kom til Stord fekk øya sitt første ferjestø. Det vart bygt i tilknyting til Meierikaien i Fitjar og skulle vera ei mellombels løysing til  permanent ferjekai kunne opnast for trafikk i Sandvikvåg. Den kom i 1964.

– Dei som i denne perioden ikkje valte nattruta for å koma seg til Bergen,  hadde eit morgonalternativ  som starta med buss frå Leirvik kai klokka 0600. Ein time seinare gjekk ”Halsnøy” frå  Fitjar og tok turen gjennom Bårsund, via  Bruntveit og Våge til Os. Der venta korresponderande buss klokka 0900 og litt før 10.00 var det innkøyring på rutebilstasjonen. Når gjeremåla i byen var utført, kunne ein ta  snøggruta ”Sunnhordland” i retur kl.14.30 og vera på Leirvik igjen kl. 17.45. Der stod raude og kvite HSD-bilar klare til avgang mot både Sagvåg. Litlabø, Fitjar og Rommetveit. Litt lengre tid tok det rett nok, men me hadde godt reistilbod å by på for 50 år sidan også,  minnest Lægreid..

Inst i  Sagvåg kunne  treferja ”Fusa” legg til i nytt stø vegg i vegg med Magnussen sin (dåverande) handel i 1962. Jektevik fekk ferjekai med venteplass i 1965. Helst lange ventefiler mot Tysnes, med tanke på at det var her  RV 14 skulle kryssa Nuen i framtida. Den framtida er endra. Først vart RV 14 flytta over til Stord mot Sandvikvåg og ferja der, for sidan å bli døypt til E39 og bli ein del av vegen som strekkjer seg frå Ålborg i Danmark til Trondheim.

Lægreid hugsar at det drog litt ut før Tysnesingane kunne gå i land i Jektevik. Det tok si tid med støet, medan passasjertrafikken auka veldig over Langenuen. Løysinga vart å sprenga ei skjering i bergnabbane ved Børtveit Kraftstasjon og laga veg ned til trekaien utfor stasjonen. Mange tysnesingar vekependla til arbeid på Stord og oftast var det to bussar som køyrde til ettermidddagsferja fredagen og to som henta igjen søndag kveld.

Børtveit Kraftstasjon med trekaien utanfor. (Foto: Steinar Hystad)