Ja, så har me fått oppleva det også: – Å måtta bremsa godt ned for å sleppa ein store flokk stare over fylkesvegen. Fuglane med glinsande fjørdrakt hadde slått seg ned på ein slåtteteig nær veg, og fann det brått for godt å søkja opp eit nytt matfat. Det er nett som ei «sky» i rørsle når så mange fuglar lettar samstundes.
Elles kan det vera verd å merka seg at starane er mellom dei første trekkfuglane som kjem nordover – det skjer i løpet av mars, og slik sett følgjer dei også i år ruteplanen.