Det er sagt at det er mest som ein kan bli misunneleg på Tysnesingar og Kvinnheringar, når det gjeld usikten dei har i vesterleid. For der ligg jo herlege Stordøy, fager og fin…
Ekstra fin i desse vårdagar med sol og kvit rand frå rundt 500 – 600 meter og oppover. Slik det såg ut frå munningen av Skjeljaviksundet søndag, skulle det vera nok snø for påskeskitur frå Kattnakken mot Mehammarsåto, og vidare nordover.