Del av gamal kyrkjeveg

Motiv frå nedre del av Bedehusbakken.  (Foto: Steinar Hystad)

Den gamle kyrkjevegen  frå Lønning og Nedre Litlabø, går over Ås og Svehaugen og  kjem til møtes med  (indre) Borggata like ved Leirvik Bedehus.  Og har naturlegvis for lengst for fått  tilnamnet Bedehusbakken. Vegen skal vera kommunalt ansvarsområde, går fram av eit brev frå oppsitjarar som  ber opp oppgradering av teknisk tilstand.  Så ille er det blitt, med  manglande fast dekke og så djupe holer at  det mest ikkje er vegbane att å bruka.