Stord har fått nye folkehelsemål

(Foto: Marlene Sørli)

Kommunestyret vedtok 21.03 nye mål for folkehelsearbeidet i Stord.

Mål for folkehelsearbeidet i Stord 2024-2028 (pdf)

Dei nye måla byggjer på oppdatert kunnskap, mellom anna frå Folkehelseoversikt Stord 2023 (framsikt.net). I denne oversikta blir det peika på tre hovudutfordringar for folkehelsa i Stord:

  1. Me blir fleire eldre og færre yngre
  2. Barn og unge slit med psykiske og sosiale vanskar
  3. Auke i utanforskap og sosiale skilnadar

Folkehelsemåla skal samordna innsatsen for å møta helseutfordringane, og bidra til å gjera Stord til eit helsefremjande og triveleg lokalsamfunn for alle.

Måla gjeld for alle kommunale einingar og tenesteområde. Dei skal forankrast i kommunen sine planar, og leggjast til grunn for prioriteringar og val av tiltak.

(MERK: Denne saka er henta i si heilskap frå Stord kommune sine heimesider etter avtale)