Ferjerutene skal følgja avtalane

«Julsund» er ei av beredskapsferjene i Vestland fylke. Ho ligg nattestid i beredskap på Huglo. (Foto: Steinar Hystad)

Ferja i trekantsambandet  Jektavik-Hodnanes-Nordhuglo har i «alle år»  lege i beredskap når ho  overnattar i støet på Huglo. Fram til årskiftet 23/24 var ordninga slik at ferja gjekk i si oppsette rute sjølve om det hadde vore sjuketransport om natta.  Nytt regelverk fr¨Sjøfartsdirektoratet sette stopp for dette frå årsskiftet, no er det krav om kviletid på seks timar etter transport – før ferja er attende i ruta.  Det har ved fleire  høve ført til at ferja har lege over tidlegturane.  Ikkje berre i Nuen-sambandet, dette har skjedd i dei fleste  beredskapssamband i  denne våren og saka har engasjert til topps i fylkespolitikken.

Etter drøftingr gjorde Fylkesutvalet dette vedtaket:

1.Fylkesutvalet understrekar at rutetilbodet skal vera i samsvar med inngåtte avtalar. Eventuelle endringar i rutetilbodet må konsekvensutgreiast. Det skal vera dialog med relevante kommunar og brukargrupper. Før eventuelle endringar vert sett i verk skal dette handsamast politisk.

2. Fylkesutvalet ser ikkje at ein kan terminera ordninga med beredskapssamband, før det er avklart frå samferdselsdepartementet kven som har ansvaret for å dekka meirkostnadane med dette.

3. Alle kostnadar knytt til beredskapsoppdrag skal sendast til helseføretaket, og krevjast inn om samferdselsdepartementet lander på at dette er ein kostnad helseføretaka må ta.

4. Fylkesutvalet ber ordførar og administrasjonen om å gå i dialog med Sjøfartsdirektoratet, Næringsdepartement og Samferdselsdepartementet for å få løyst opp i utfordringane som er vist til i saka.