Ønskjeleg med heile Verftsvegen som forkøyrsveg

Med Verftsvegen skilta som forkøyrsveg – blir det meir trafikksikkert i krysset på Langeland (Foto: Steinar Hystad)

«Uvissekrysset» er det folkelege namnet på krysset Verftsvegen/Langelandsvegen, døypt slik av den enkle grunn at det rår ei viss sjåføruvisse om kven som skal vika for kven. Ein rundkøyring har stått på ønskjelista  som løysing på problemet – men no vil Vegvesenet skilta Verftsvegen som forkøyrsveg i staden.

Stord kommune har fått skiltplanen til uttale og seier dette vil løysa dagens problem med uklare vikeplikttilhøve og betra trafikktryggleiken, i krysset mot Langelandsvegen, men også i kryss ved Eldøyvegen og  Lauvdalen.  Kommunen er ikkje fullt ut samd med vegeigar (fylket) i at det ikkje skal skiltast for forkøyrsveg ved eit par utkøyrsler på  industriområdet på Eldøyane. Også her rår uvissa og  det har vore fleire «nestenulukker».

Anne Randi Naurstad, vegmyndet i kommunen, avsluttar svaret til Vegvesenet med følgjande oppmoding:

«Stord kommune vurderer at forkøyrs-regulering for heile fv 5046 (Verftsvegen), med oppretting av vikepliktskilt på avkøyrsler som det kan vera tvil om vikepliktforholda, bør vurderast nærare.»