Ikkje noko gale med natta, nei…

Det skjer at  Ole Lukkauge let venta på seg i lengste laget, ja gjerne såpass lenge at svevlysta går over i rein irritasjon. Som igjen fører til snuing  både eine og andre vegen og endå meir irritasjon. Og kanskje ein tur på kjøken for å knaska i seg ei halv banan eller eit kvart eple i von om at Lukkauge’n kjem snøgt på besøk. Eit visdomord til trøyst i ei slik stund, er å finna i Johan Fjellby si bok (på Samlaget) «Av ord er du komen». Der står det korte diktet TANKANE:

Det er ikkje natta
det er noko gale med
om ein ikkje får sova…

Nokre  ordtak å ta med inn i helga:
– Den Gud gjev eit embete, gir han også forstand til å misbruka det. (Dansk)
– Der makta har rett, har retten inga makt (Norsk
– Det er betre å demma opp bekken enn elva (Svensk)
– Der makt og vilje manglar, finst ingen råd (Norsk)
– Skal alle vera skipper, må det vera på den skuta som står på land(Norsk)

Fem ord som var på veg ut av stordamålet alt for 50 år sidan:
Hæken = grådig, havesjuk
Høla = kjæla, gjøla, smigra
Høsa = harka, hosta, uklår i røysta
Ideleg = jamt og samt, uavlateleg
Ivra = telja for, arbeida for