Éin sektor skrik etter arbeidskraft. NAV trur dei har deler av svaret

I mars har NAV i region Sunnhordland registrert 1,5 prosent heilt ledige av arbeidsstyrken og ein oppgang på 67 heilt ledige personar i høve februar månad.  

– Arbeidsløysa aukar men er framleis låg. Den primære drivaren for auken denne månaden er at fleire av dei permitterte er heilt utan arbeid i perioden. Me trur denne situasjonen snur i heilt i april, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.  

I mars månad vart det registrert 321 ledige stillingar i regionen. Dette er eit lågare tal enn månaden før. Påsken gjer i år statistikkmånaden mars veldig kort. Om me ser på tilgong stillingar i snitt per verkedag er tilgongen i mars tett opp til tilgongen i februar – om enn noko lågare. Helse-, pleie og omsorg er den næringa med flest utlyste stillingar (177), med god margin over den med nest flest – som er IKT- og ingeniørfag (28). 

– Etterspurnaden frå arbeidsgjevarane i regionen held seg høg. Helse- og omsorgssektoren har lenge stått for ein stor del av etterspurnaden. Faktisk utgjer etterspurnaden frå desse yrka over halvparten av stillingane me har tilgong til i mars, seier Håvard Lægreid.  

Startar samarbeid for å få fleire helsefagarbeidarar 
I Sunnhordland har NAV, saman med Vestland fylkeskommune, og alle kommunane i Sunnhordland starta eit prosjekt for å rekruttere fleire inn i helefagarbeidaryrket. Prosjektet er lokalt initiert av NAV Bømlo og Bømlo kommune for å hjelpe fleire mot ein helsefagleg utdanning. Sektoren har store behov allereie og NAV trur behova vil vere store fram i tid også.  

– Me er i gong med å leite etter kandidatar til dette kvalifiseringsløpet. Me har veldig tru på at dette kan føre til fleire aktuelle kandidatar mot dette yrket, og har ma. frå tidlegare god erfaring med Menn i Helse. Me er veldig glade for at kommunane i regionen vår er med på denne typen prosjekt, der me både får inkludert fleire i arbeidslivet men samstundes bidreg til å dekka behovet i ei særleg viktig næring, seier Lægreid