Gledeleg rekruttering til skulekorps

Fleire unge  seier ja til å spela i korps.  Her Stord skulekorps i aksjonen på nasjonaldagen i fjor.   (Foto: Steinar Hystad)

– Har du lyst til å prøva å spela i korps? På dette spørsmålet fekk Stord skulekorps gledeleg mange ja-svar, då det nyleg vart gjennomført eit rekrutteringsstunt for å få fleire unge musikantar inn i rekkene.

– Med blåsegruppe frå korpset vart det halde  konsertar på Leirvik og Hystad skular, der me informerte om tilbodet og inviterte til miniseminar. Responsen var god – om lag 15  8-9 åringar møtte sist helg på Hystad skule og fekk prøva seg på diverse instrument. Det gjekk så fint at dei varta opp med  ein kort «hentekonsert» når foreldra  kom få å henta borna sine heim.  Dei fleste blir med oss vidare og nyt godt av tilbod om fri undervisning fram til sommaren.  Dette lovar godt, seier Åge Østrem til  stordront.no.

Han var sjølv ein av rekruttane på trompet i Leirvik skulekorps  attende i 1972. Han dreiv det så langt at musikk vart yrke, og hobby. Heime igjen på Stord som pensjonist etter år litt søranfor,  merka han seg at skulekorpsa var i nedre del av  bølgedalen og tok ein framstøyt for å få opp att blåseinteressa mellom dei yngste. 

Tilveksten i korpsa har ei tida vore  nedgåande i slikt omfang at det som før var tre korps, Leirvik, Hystad og Rommetveit – no har slege seg samen til eitt.  Etter kampanjen siste vekene ser det altså lysare ut for at det blir gilde tonar å høyra i 17.- maitoga og andre stader i tida som kjem.