Aktiv huglapåske – quiz, vaffeldag og bedehusbasar

Suksess for quiz og pizza ved Huglabutikken påskeonsdagen i fjor. (Foto: Steinar Hystad)

– Det vart suksess for påskequizen i fjor, så då inviterer me til spørsmål og  pizza i og kring pagoden onsdagskvelden i år også, lyd  meldinga frå Huglabutikken AS.  Men før påskeferien har nådd så langt, har det alt vore  tre gilde ting å vera med på øya ved Laangenuen.

Laurdag 23. er det ope  i den nypussa  Salamon Bua føremiddag, og på tidleg ettermiddag er det duka for storbasaren  i Huglo Bedehus. Der er det tradisjonen med særs godt frammøte og fleire rundar med årasal, og mat naturlegvis.  Søndag 24. blir den internasjonale  vaffeldagen markert  med i nysteikte godbitar og omvising i Omnhuset rett oppfor ferjekaien på Nordhuglo.  Same dag, palmesøndag, går den årlege fellesturen til topps på Høgafjedlet, som sin vel 200 meter over flat sjø på Huglavikjo byr på imponerande  utsikt over fagre Sunnhordland.