Går det slik planar tilseier, blir «spaden sett i jorda» for fortausbygging langs Skyttarhaugsvegen på Ådland til hausten. Då kan det godt skje med kommunal flaggheising, for tryggare ferdsle langs denne vegen har vore eit meir enn sterkt ønskje i eit par tiår, minst. Saka har såleis lang annsienitet i Rådhuset.
Det er i kombinasjon med større anleggsarbeid for vatn og avløp (VA) fortauet bli bygt. 430 meter langt frå Ådlandsvegen og opp til brua, opplyser Ørjan Østerhus, kommunen sin leiar for prosjektet. Det er gjort godkjende avtalar med grunneigarane lags Skyttarhaugsvegen.
Og sidan dette også er skuleveg for mange, blir fylkeskommunen med på spleiselaget. Arbeidet blir om litt lagt ut på anbod.