– No må di få fylt i!

Tomt for asfalt igjen! (Arkivfoto: Steinar Hystad)

Stordront.no påstod førre gongen biletet var vist fram, at dette er det farlegaste asfaltholet fordi er ligg i det sterkaste trafikkerte krysset i hamnebyen Stord. Akkurat der Vikabrekko møter Hamnegata ved Meierikvarteret.

Etter forrige presentasjonen er holet blitt ifylt i alle fall ein gong, men no er det tomt for asfalt (oljegrus?) og igjen eit  trafikkfarleg irritasjonsmoment. Det blir gjerne slik når sjåførane  prøver så godt det let seg gjera å IKKJE dumpa nedi.

Av desse gode grunnar støttar nettstaden utsegna frå medpassasjer om at: – No må di få fylt i – med køyrbart stoff som blir liggjande.