Kva med kultursti i  Hellandsmarkjo?

Slik har innsendaren teikna rundløypa/kullturstien på kartet.

Fitjar kommune er i siget med rulleringa av arealdelen av kommuneplanen, og har i den samanheng bede om innspel frå innbyggjarane.  Denne mogleiken til å forma arealbruken i Fitjar i komande tider, er det mange som har nytta seg av.  Postlista er eit framifrå vitne i så måte, ideane er gode og mangslungne.  Ein av dei gjeld å sikra  areal og underlag for  tursti og rundløype i Hellandsmarkjo.  Innsendare skriv:

«Ønskjer tursti markert som kultursti. (sjå kart). Den går i dag på gamal utmarksveg på største delen av turen. Resten går over gamal og godt brukt sti. Håpar at ein i framtida kan setja den betre i stand, om stien får plass i kommuneplanen. Den kan forhåpentleg knytast saman med vegsystemet nede i Hellandsfjorden og såleis bli ein flott rundtur  – også for tilreisande.»