– Høyr Sunnhordland Kammerorkester

Sunnhordland Kammerorkester

«Første helga etter påske vert det konsert med Sunnhordland Kammerorkester. Den går føre seg i Konsertsalen på Stord vidaregåande skule, laurdag 6.april kl. 18.00. Her har orkesteret med seg ein fantastisk dyktig pianist frå Musikklinja på skulen. Han heiter Kristoffer Steinsvåg, er 17 år, og kjem frå Bømlo. Han skal spele Mozarts pianokonsert nr. 12 saman med orkesteret.

Pianist Kristoffer Steinsvåg

Orkesteret skal også spele musikk av Benjamin Britten, Bela Bartok og Edvard Grieg.

Dagen etter skal konserten spelast ein gong til – då på Fitjar, kl. 18.30 i Kinosalen på Fitjar Kultur- og idrettsbygg. Det vert første gongen orkesteret har konsert på Fitjar, etter å ha eksistert i 40 år, så det er verkeleg på tide.»

O.E.