– Trygt og godt på Knutsaåsen

Biletet Velferdsutvalet for rehabilitering helse og omsorg, leverer positiv rapport etter besøk på Knutsaåsen Omsorgssenter. (Foto: Steinar Hystad)

Dei folkevalte i det kommunale Velferdsutvalet for rehabilitering helse og omsorg legg etter besøk på Knutsaåsen Omsorgssenter tidlegare i  månaden, fram rapport som beint er hyggjeleg lesnad.  Det står bra til på alle måtar på omsorgssenteret som har 46 romt totalt, fordelt på to avdelingar.  Senteret vart bygt i 1983, men har siste åra vore gjennom solide oppgraderingar og framstår no i «god form».

Velferdsutvalet stadfestar i rapporten at Knutsaåsen sine målsettingar for daglege drift blir oppfylte.

Utstyr og hjelpemiddel vert opplevd som tenlege. Svaret er JA

Utvalet skal sjå til at den einskilde brukar opplever å bli behandla med omsyn og respekt, i tråd med livssyn og integritet. Svaret er ja JA

Hjelpa vert opplevd som trygg. Svaret er ja  JA. Og utdjupa slik: –  Under vitjinga fekk me vandra litt blant bebuarar. Dei me snakka med opplevde at dei vart tekne god vare på, og sa blant anna «at ein kunne ikkje hatt da betre».  Tilbakemeldingar frå pårørande er at dei opplever pleia som trygg.

– I samtalane våre med leiinga på omsorgssenteret kjem det tydleg fram at pårørande og frivillige er ein god ressurs, då saman med tilsette for å skapa ein god kvardag og kjekke opplevingar, skriv Velferdsutvalet i rapporten.