«Handelsbåtane» siste nye på Maritimt Museum

Grunnar Bjørg tek eit nytt år som styreleiar i  Venelaget for Stord Maritime Museum.

Stadig nye kapittel i vår lokale maritime soge blir «skriven» langs veggane hjå Stord Maritime Museum på Nattrutekaien. I fjor kom  utstillinga kring «handelsbåtane» på plass, og fleire delutstillingar er på trappene, blir det opplyst i årsmeldinga frå  2023.  Tal og ord frå fjoråret vart godkjende på årsmøtet i venelaget sist veke, der det går fram at museet hadde 1500 besøkande innom dørene.  1000 av gjestene som kom til Leirvik med cruisbåtane på ettersommaren såg samlinga og takka for høgst interessant oppleving.  

Temamøtene i fjor samla godt med tilhøyrarar, det same gjorde foredraget til Sindre Nilsen frå Bømlo, som etter årsmøtet fortalde om den store flåte av små og litt større  rutebåtar som var bindelekken mellom tettstader i Sunnhordland  før me fekk vegar og bruer å ferdast på.

«Neptun», var ein av dei mindre rutebåtane Sindre Nilsen fortalde om.

I årsmeldinga blir det retta stor takk til dugnadsgjengen for særs godt arbeid med vedlikehald, nye installasjonar og generell tilrettelegging for drifta. Etter valet har  Venelaget denne styresamansettinga: leiar Gunnar Bjørk, medlemer  Magne Gravdal, Stein Stendal, Svein Ove Agdestein og Henry Myhre.

I 2024 kan to jubileum markerast.  Det er 30 år sidan  Stiftinga Stord Maritime Museum vart etablert (30.juni) og det er  10 år sidan Venelaget vart skipa(2. februar)