Åtvarar  Stord kommune om lånegjelda

(Foto: Steinar Hystad)

Statsforvaltaren i Vestland, Liv Signe Navarsete,  har lese  seg gjennom Stord kommune sitt vedtekne budsjett for 2024 og har gjort seg følgjande noteringar i svarbrev til kommunen:

«Budsjettet for i år er vedteke med betydeleg netto driftsunderskot og mykje bruk av disposisjonsfond. Ein stor del av disposisjonsfondet er budsjettert brukt i år. Disposisjonsfondet ved utgangen av 2024 kan difor bli mindre enn det bør vere. Kommunen må gjennomføre tiltak for å oppnå vesentlege betre netto driftsresultat enn i opphavleg vedteke budsjett for i år. Disposisjonsfondet kan bli for lite om ikkje kommunen oppnår betre netto driftsresultat enn budsjettert. Fondet bør vere på det nivået kommunen har som målsetjing, det vil seie 5 – 10 prosent av driftsinntektene. Det utgjer frå kr 100 mill. til kr 200 mill., basert på noverande inntektsnivå. Kommunen si lånegjeld er på eit svært høgt nivå. Kommunen må vurdere planlagde investeringar nærare og vere varsam med nye lånefinansierte investeringar. Det er nødvendig å hindre at lånegjelda blir for høg. Dette er først og fremst viktig for den delen av lånegjelda som ikkje er avgiftsfinansiert. Eit høgare rentenivå og høg lånegjeld har bidrege til svært stor auke i kommunen sine renteutgifter. Kommunen kan kome i ein alvorleg økonomisk situasjon dersom ikkje gjeldsveksten er moderat framover. Kommunen må unngå å kome i ein situasjon utan økonomisk handlefridom som følgje av for høg lånegjeld.