Kva blir gjort for å betra el-nettet på Stord?

Transformatorstasjonen på Vaskeriplanet, Litlabø. (Foto: Steinar Hystad)

– Som du sikkert er kjent med er det gått ut ei melding til alle abonnentar i Stord kommune om auke i nettleiga på 15 prosent, dette for å ta i vare investering i nettet. Investeringar eg  som ordførar er positiv til, då me i dag har utfordringar med etablering av næring grunna overføringskapasitet. Eg er kjent med at kraftrapport utarbeidd av Invest In Sunnhordland peikar på fleire tilhøve, ein kritisk faktor er transformatorkapasitet på Stord.

Ordførar  Sigbjørn Framnes innleiar ein e-post til leiar  Kristoffer Vannes i Fagne As,  med desse setningar.  Målet med skrivet er å eit  ja frå Vannes på invitasjon til å informera om «el-tingenes tilstand» i kommunestyremøtet i Stord Rådhus 25. april.  Særs aktuelle emne blir:

Korleis arbeider   Fagne opp mot Statsnett. Er det noko me som kommunen kan bidra med? Kva tid kan me venta at nettet leverer etter behov? Kva prosjekt arbeidar det no med for å betra nettet på Stord?.