Fasteaksjonen tysdag 19. mars

Tilsette og frivillige held på med dei siste førebuingane til Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon, «Håp i ein dråpe vatn.» Konfirmantane står i spissen, og arbeidet med Fasteaksjonen er ein viktig del av konfirmasjonsførebuinga. Stikkord som solidaritet og nestekjærleik har stått i sentrum dei siste par månadane. Konfirmantane er heilt konkret med og gjer godt for andre, når dei skal gå frå dør til dør med bøsser.

Kirkens Nødhjelp driv eit stort internasjonalt arbeid for menneske i nød. Alt som blir samla inn går til Fasteaksjonen.

Kvar ei krone tel. Det er håp i ein dråpe vatn!

– Ta vel i mot konfirmantane våre, oppmodar Solveig Høyland på Stord kyrkjekontor