– Full pose. 90% er «skite-posar» frå hundar – som folk har slengt ifrå seg langs skogsvegen. Plukka opp på den korte strekningen frå innngangen til Gullberg og ned til Sponavikjo. Dette var trasige saker, seier turgåaren som har sendt Stordront bilete av samla funn.
Vitsen med desse posane, er vel akkurat det motsette, at verken hunde-skit eller plast skal liggja att i naturen. Oppmodinga om ¨»Ta det med» gjeld altså i høgste grad framleis.