Nye æresmedlemer i Stord Knivklubb

Nye æresmedlemmer vart, frå venstre, Nils Olav Hystad for mangeårig som leiar og kursinstruktør, og Finn Størkson som kasserer og kursinstruktør. Og heldigvis er dei framleis begge meir enn vanleg aktiv innan sine felt. (Foto: Svein A. Birkeland)

Tysdag 20. februar d.å. vart det halde årsmøte i Stord Knivklubb i klubblokalet på Litlabø. 23 medlemer var til stades, dvs. om lag halvparten av medlemane. Leiar Svein A. Birkeland ønskte velkomen. Johannes Koløen vart valt til møteleiar og Arne Haugland til skrivar. Innkallinga vart godkjent utan merknadar. Årsmeldinga vart delt ut og lese opp av skrivar Arne Haugland. Og rekneskapen vart delt ut og gjennomgått av kasserar Finn Størkson.

Styret hadde føreslege uendra årskontigent på kr 200,- og slik vart det. Valkomiteen v/ Hans Kristian Aadland og Margaret Holm har fått mannskap til alle styreverv på plass: Leiar Svein Atle Birkeland, attval . Nestleiar Harald Engevik, 2 år (ny). Skrivar Arne Haugland,attval. Kasserar Finn Størkson, 1 år (ikkje på val). Materialstyrar Bjørn Helle, attval 2 år. Varafolk Leif Nes og Gunnar Aase. Revisorar Olav Andreassen og Wilfred Sætre, attval. Valnemnd Hans Kristian Aadland og Margaret Holm, attval 1 år. Det var ingen innkomne saker, men det vart minna om turen til Granberg Garveri A.s i Ølensvåg fredag 12. april.

Klubbleiren fekk så ordet og uttrykte heider og ære til 2 mangeårige medlemer, kurshaldarar med ulike styreposisjonar over lang tid. Innrama diplom fekk våre nye æresmedlemmer, Nils Olav Hystad og Finn Størkson. Desse har gjort – og vil heilt sikkert fortsatt gjera – stor innsats for Stord Knivklubb. Gratulerer til desse heidersmenn! Frå før er Olav Andreassen, Olav Eldøy og Wilfred Sætre æresmedlemer.

Etter årsmøtet vart det, som i fjor, og mange år tidlegare servert pizza og brus, før knivkufferten igjen vart funnen fram og «jobbinga» kunne starta

Arne Haugland, skrivar.