Våren er gjerne den tida på året me kjem synsmessig nærast sjøbotn, med ekstra lågt lågvatn. I skymringa tysdag var det godt med luft å sjå under kaiane i Leirvik og inst i Sunnhordlandshopen (der stasbåten la til kvart på seks, 17.45, dagleg) var det så lite vatn at to røyr låg mest på «torra lande’». Då kom det også fram stadfesting på at det er eit solid hol i eine røyret, kor det fossa friskt.
Inga lukt kan tyda på at det er sokalla overvatn som her har fritt utløp til Vikafle.