Kan dispenserast for å «Bu i hytta»

Dispensasjon for å bu i hytta kan berre gjevast i  regulerte hyttefelt/område regulert til fritidsbustad.. (Foto: Steinar Hystad)

Til møtet i Stord kommune sitt Utval for byutvikling  torsdag, hadde leiaren Reinert Svanberg (Frp) bede om at saka «Bu i hytta» kom  attende på saklista, slik utvalsleiarar har høve til. Sist spørsmålet var føre, vart det avslag – denne gong gjekk det slik:

Røysting: Framlegget frå Frp, H, og Krf vart vedteke med 6 mot 5 røyster (Ap, Sp og R).

Vedtaket lyd då:» Det kan søkjast om mellombels dispensasjon frå gjeldande plan om bruksendring frå hytte til einebustad, jf. plan- og bygningslova §19-3. Slike søknader vil følgje vanlege saksbehandlingsreglar i samsvar med plan- og bygningslova og kommunen sitt delegasjonsreglement. Dispensasjon føreset at det vert meldt flytting til Stord kommune i Folkeregisteret. Dispensasjon kan berre gjevast i regulerte hyttefelt/område regulert til fritidsbustad. Dispensasjonen skal vere knytt til heimelshavar/brukar av bygget, og kan ikkje overdragast ved arv eller sal av eigedommen. I slike tilfelle vil fritidseigedommen utan nærare varsel framleis vere å sjå som ein fritidsbustad. Dispensasjonsvedtaket må ha med følgjande vilkår;

  • Hytta skal ha innlagt vatn og straum
  • Avlaupsløysinga skal tilfredsstille krav til einebustad
  • Eigar har ansvar for at tilkomsten skal vere vinterbrøyta, og at tilkomsten ikkje vert knytt til stengt bomveg.
  • Fritidsbustaden skal vere underlagt same krav til feiing og tilsyn som i ein heilårsbustad.
  • Kommunale avgifter skal betalast i forhold til bruk, dvs. at ved mellombels bruksendring skal det betalast gebyr som for einebustad.
  • Fritidsbustad med mellombels dispensasjon til bustad skal nytte same renovasjonsordning som før.
  • Eigar kan ikkje krevje skuleskyss

Tiltaket skal evalueras»