Att og fram – og kanskje over –  ein gong…

Bru Børtveit – Skår – skisse frå plandokument for Hordfast.

Tysdag 12. mars 2024 vakna Hordaland til nyhendet om at Vegvesenet er klar til å starta bygging av Hordfast i neste transportplanperiode, men det er ikkje Regjeringa samd i.  Det meste talar for byggjestart ein gong etter 2030, går det fram meldinga i Bergens Tidende.  Den ferjefrie veg- og bruløysinga har fått ein prislapp på 50 milliardar.  Med bakgrunn i desse opplysningar, vart det for Stordont freistande å repetera siste kapittel i boka «Langenuen var hovudvegen» – utgjeven ( og utseld) 2010.

Tittelen er «Att og fram og kanskje over»

«Riksveg 14. Riksveg 1. Kyststamvegen. Europaveg 39. Kjært barn har mange namn, blir det sagt – og det kan også gjelda for noko så heilt alminneleg som ein norsk vegstubb. Asfaltstripa langs Langenuen-sida av Stord er innehavar av titlane dette kapittelet  vart innleia med. Sanninga er at dette ikkje berre er  eit kjært barn med adresse 5414 Stord  og 5419 Fitjar. Riksveg 14 og Riksveg 1 og Europavegen har fleire gonger gått over Tysnes, men for det meste i teorien og i offentlege papir.

Riksveg 14 nordover frå Stord til Bergen gjekk offisielt via Jektevik med ferje til Flatråker og vidare over Våge med ferje til Halhjem. Då Nuenkryssinga kom i gang i 1965 vart det sagt at lendinga på Flatråker skulle vera mellombels i påvente av det permanente ferjestøet på Hodnanes. Dei som sat bak rattet i den stadig aukande skare av bilar på Stord,  fann det lite praktisk å følgja den traseen og køyrde heller direkte til Sandvikvåg og tok ferja derfrå. Dei styrande valte å la vegen følgja trafikken og flytta Riksveg 14, seinare Kyststamvegen, frå Tysnes til Stord-Fitjar i 1984, fortel Helge Hauge. Han hadde sin første, av fem periodar som ordførar i Tysnes då dette skjedde. Og minnest eit politisk kompromiss om at tysnesingane berre skulle klaga litt på flyttevedtaket.

– Det var i røynda ein aldri så liten byttehandel. Som kompensasjon for bortfallet av den viktige riksvegen, skulle me endeleg få den etterlengta vegen rundt øya vår og ferjestø på Hodnaneset.

10 år gjekk før så skjedde. I 1994 vart Nuen-kryssinga frå Jektavik kutta ned frå 25 til 10 minutt på tvers til Hodnanes. I 1986 vart Tysnes landfast med bru over Lukksund.

I offisielle og politiske krinsar vart ikkje Riksveg 14, som skifta namn til Europaveg 39, liggjande roleg på Stordøy mange år. I 2000 gjorde fylkestinget vedtak om at den framtidige og nesten ferjefrie Kyststamvegen nordover frå Stord – skulle over Langenuen med bru til Tysnes og vidare frå Andlavågen (mellom Uggdal og Våge) med ferje til Halhjem. Tre alternative bruløysingar var skisserte.

Frå Børtveit til Skår, Frå Raunholm til Neshamn eller frå Engevik til nord for Amlandstø.  Dette vedtak står framleis (2010) ved lag, men næringslivet i fylket meiner det må satsast på heilt ferjefritt samband nordover frå Stord, som i 2000 via Trekantsambandet  vart knytt til fastlandsnoreg. I prosjektrapporten for E39 Hordfast som NHO Hordaland fekk utarbeidd i 2007, er bru over Langenuen frå Børtveit mot  Skåra ein viktig brikke i jobben med å kunna køyra utanom ferjedekk heile vegen til byen nedfor Fløyen.Håpet er at  prosjektet kan finna prioritert plass i Norsk Transportplan for perioden 2013-2015.

For ikkje så urimeleg lenge sidan vart det lansert idear om å laga tunnel under Langenuen til Huglo. Det vart dyrt og djupt og planane har fått liggja i ro i den offentlege plankista.

Enno mange år vil trafikken gå langs og på Langenuen – ikkje over eller under.»

Og der står saka framleis i 2024.