Allereie til stor plage

Grågåsflokkar har slått seg til på grasbakken ved Sævarhagsvikjo. (Foto: Steinar Hystad)

– Arealet som me pløyde og sådde til i fjor sommar er beita heil nedtil alt. Det var 10-15 centimeter høgt gras før vinteren starta, no har gåseflokken beita der i 14 dagar og det er 3 centimeter gras igjen. Me burde no byrja tenka på kalking og gjødsling, men i staden  beitar  grågåsa  graset vekk  raskare enn tilveksten.

Dette skriv to bønder som satsar på grasproduksjon på bøane ned mot Sævarhagsvikjo,  i illustrert melding til  Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor.

Dei opplyser vidare at flokken på 50 fuglar er på bøane heile dagane og at dei ikkje lenger bryr seg om noko form for skremsle. Dei bryr seg heller ikkje om folk. For å berga grassesongen ber dei om fellingsløyve  –  det er det einaste som nyttar for å bli kvitt grågås-problematikken.