Den lune og solrike gjestehamna inst i Leirvik Hamn har alt mange faste gjester i sesongen. Frå brukarane får hamnekontoret gode tilbakemeldingar for både kaianlegg og servicebygga på land. Dette er saker hamnesjef Inge Espenes vil jobba vidare med, kjem det fram i innspel frå Leirvik Hamn til kommunen sitt arbeid med planstrategi for perioden 2024-2027. Dette er måla:
- Å utvikla Leirvik hamn til den føretrekte gjestehamna i Sunnhordland
- Å styrka attraktiviteten og bruken av hamna blant innbyggjarane på Stord
- Å leggja til rette for at unge kan oppleva sjø/båtliv
- Å leggja til rette for at eksterne aktørar innan maritime miljøtenester kan etablera seg
- Å leggja til rette for grøn omstilling