Ser rimeleg grei ut

Ventar på eigaren. (Foto: Steinar Hystad)

Denne «Diamanten» har over tid stått einsam og støtta seg til ein solid steinmur på Skotabergskaien, eit lite tykkje utfor Thiisafabrikken. Litt skakk i setet, men ser elles rimeleg grei ut med luft i dekka og det heile. Vonleg er det nokon som saknar sykkelen.   Fint om han blir henta, meiner ein tipsar.