Fram til denne vinteren har eit tradisjonelt gult skilt varsla ilandføring av straumførande kabel på neset ved innseglinga til Nordhuglo. Øya blir også omtalt som «austre bydel», sidan kommunestyret valte å kalla heile kommunen vår for Byen Stord. Den som kjem me eigen båt til Huglo no blir møtt av raudkanta moderne varselskilt som fortel at det ligg høgspentkablar i sjøen – som set forbod mot ankring i området.
Til soga kan me leggja til at det ytst på moloen i innseglinga til kai og bunkersanlegg står skilt som varslar 5 knop som høgste lovlege hamnefart