Byr på lokal spenningsroman frå vikingtida

Per Jan Ingebrigtsen er på marknaden med ny bok. (Foto: Steinar Hystad)

«Me er i år 870 etter Kr. – nokre år før Harald Hårfagre legg ut på erobringstoktet sitt. Den irske ungjenta, Rafarta, vert  røva av vikingar og teken med på ferda mot norske vestkysten. Etter å ha styrt gjennom eit ofseleg uvèr ute i Nordsjøen, legg eit skipsmannskap seg til  ro på sørsida av Stord. Om natta maktar Rafarta å rømma frå skipet. Det vert opptakten til ei farleg og spennande flukt for å komma seg unna mannskapet, som tek opp jakta»

Slik lyd opptakten til handlinga i ein nyskriven roman frå pensjonert lærar, forfattar og kommunepolitikar – og stordabu – Per Jan Ingebrigtsen.  Boka med tittelen «Rafarta», er snart i sal, men den som vil ha med seg sjølve presentasjonen med forfattaren til stades, må leggja turen til Gamle Fengselet Kulturhotell fredag 15. mars (Kl.1900) . Der vert det både opplesing frå romanen og samtale med Ingebrigtsen.