Trur på ja til å «Bu i hytta»

Her frå eit  hyttefelt på Huglo. (Foto: Steinar Hystad)

Med sju mot fire røyster vart det frå Utval for plan og utvikling svart nei til  opning for mellombels bruksendring av fritidsbustad til heilårsbustad i Stord kommune då saka var føre i junimøtet i fjor. «Bu i hytta» – er eit enklare namn på  problematikken.

Når spørsmålet om hyttebruk kjem til behandling for andre gong, i Utval for byutvikling torsdag, er det etter innspel frå utvalsleiar Reinert Svanberg (FrP).  Leiarar av utval kan på eige initiativ be om saker til behandling, slik det no blir gjort.  Også i dette høvet legg administrasjonen  saka fram med negativ innstilling til «Å bu i hytta».  Svanberg, som er på ja-sida i saka saman med borgarleg fløy, er likevel optimist på vegner hytteeigarar i Stord som ønskjer same mogleik for bruk som hytteeigarar i Fitjar har fått etter kommunale vedtak.

– Ja, eg har god tru på at me skal finna ei god løysing, seier Svanberg til stordront, Han viser til borgarleg fleirtalskoalisjon i stordpolitikken denne perioden.