Fritidsmesse for seniorar

Frå fritidsmessa 2023. (Foto: Tove V. Agdestein, Stord kommune)

Er du godt vaksen og nyfiken på kva for fritidsaktivitetar som finns for deg? Torsdag 14. mars kl. 10:45 skipar eining for kultur og arbeidsgruppa for aldersvennleg samfunn til fritidsmesse for seniorar i Stord kulturhus.

Messa opnar med eit føredrag ved Steinar Hystad på biblioteket. Han vil mimra om Vikjo på 60-talet.

Stord kommune har fått med seg lag og organisasjonar som vil ha stands i vestibylen, dei vil informere om sine mange aktivitetar og tilbod. Bygdekvinnelaget riggar til ein liten kafé, der ein kan få kjøpt seg ein kopp kaffi og noko å bita i. 

Alle seniorar vert ønskt hjarteleg velkomen til ein kjekk formiddag i kulturhuset.