Temakveld på Stord Maritime Museum

Sindre Nilsen (Foto: Gunnar Bjørk)

Tysdag 12. mars vitjar Sindre Nilsen Maritime Museum og fortel historia om «Rutebåtar i ytre Sunnhordland». Lite er skrive om gamle rutesamband og stoppestader i ytre Sunnhordland. Fokus har nok mest vore på HSD sine ruter i indre del av området. Sindre Nilsen har samla historier, tekstar og bilete  om rutesamband og dei stoppestadane som vart brukt. Det er stoppestader i Fitjar, Stord og Bømlo.

Ein av båtane som gjekk i rutesambandet mellom Rubbestadnes – Folderøyhamn – Siggjarvåg og  Sagvåg er MS «Aspøy».