Publikum på veg inn til teaterframsyning i Kulturhuset («Et glass til») måndag kveld, fekk ein sprudlande vårkonsert med på kjøpet. Høg mot toppen i eit av dei førebels bladlause lauvtrea i parken framfor den kommunale storstova, sat ei einsleg svart-trast og song av hjartans lyst.
Så vakkert at folket måtte kikka litt ekstra opp i høgda – og takka for at det også byrjar laga seg med meir melodiøse vårteikn.