Tysdag 5. mars kl 19.00 har me vore så heldige å få Ståle Einarsen til Puls på livet i Nysæter kyrkje. Han vil kåsera over tema «Mitt liv med arbeid og helse».
Ståle Einarsen er sagvågsgut. Han er professor i arbeids- og organisasjonspsykologi ved Universitetet i Bergen. Særleg har han forska på mobbing og trakasering i arbeidslivet og har jobba praktisk ved mange norske verksemder for å utvikla gode arbeidsmiljø. Han har og skrive fleire bøker om desse emna.
Denne kvelden vert det musikkinnslag ved den lokale sagvågs-gruppa «Frøken Pinnevik» som vil framføra kjende låtar frå norsk musikkliv.