350 selde billettar viste teljeapparatet hjå Bakeriet Frugaard to dagar etter at det på facebook blei kunngjort at «Fitjarrevyen goes Vikjo II», i revyteltet på Torget helga 31.mai og 1. juni. Det må seiast å vera kjempeprov på at stordabuen likar revy og likar låttmilde besøk frå naboane nord på øya. Så stiller då også Fitjarbuen med sterkt mannskap på scenen: Ole Bergesen, Terje Træet, Henning Wichmann, Britt-Synnøve Johansen og Jan Runde Johansen (June Kommune).Kapellmeister er Svein Rangar Myklebust, Stord.