For gode til å «forkommast»

Capsen heng på ei grein ved gangvegen langs Ådlandsvatnet…. (Foto: Steinar Hystad)

På ei grein  noko  timetrar frå gapahuken i Stuvikjo hong KIESEL-capsen og venta på eigaren så seint som torsdag i lunsjtid. Så seint som i kaffitid torsdag ettermiddag, låg trekket til ein WEBER-grill krølla rundt eit av trea langs Hamnegata-fortauet mellom Sjøhuset og Notahaugskaien. Trekket har lege på staden nokre dagar og er høgst truleg eit resultat av  heftige vindkast.  Felles for hue og grillvern er at begge deler ser uskadde og godt brukande ut – og er for gode til å «forkommast».

…. medan grilltrekket ligg på fortauet ved Hamnegata. (Foto: Steinar Hystad)