Eit tidsspørsmål…

Når noko er godt sagt eller trudd, kan det berre vera eit tidsspørsmål før nokon meiner du har rett. Eller som Johan Fjellby seier det i boka «Av ord er du komen»:

«Om du lenge nok
trur du har rett
eller tek feil,
vil du før eller sidan
ta feil – eller få rett.»

Slik sett kan det vera greitt ta helg og pugga nokre nye ordtak:

– Alle tenkjer på seg sjølve, det er berre eg som tenkjer på meg. (Svensk)
– Det er ikkje så lett å sjå med andre sine augo.(Dansk)
– Det er ikkje sikkert ein tek feil, fordi ein er åleine om å ha rett.(Svensk)
– Det er best når ein kvar passa sitt, du ditt og eg mitt (Norsk)
– Det som kjem frå hjarta, går til hjarta (Nordisk)

Så nokre ord som var på veg ut av stordamålet alt for 50 å sidan – samla av Ola Høyland.

– Horveleg = rikeleg, meir enn vanleg
– Hutla = dela det ut i smått so det vert til liti sæla for alle
– Hysja – jaga (t.d. smalen)
– Hæsevind = godt tørkevind
– Hæken= grådig, havesjuk