Kva/kvar har Langenuen namnet sitt frå?

Langenuen viste seg tysdag frå si iltre side. (Foto: Steinar Hystad)

Måndag blikkstille i glinsande vårsol. Tysdag «gjekk ‘an kvit» i iltre stormkast.  Sjøflata i Langenuen skiftar ham ofte, gjerne fleire gonger for dagen og er såleis ein fasinerande nabo.  Men kva  eller kvar har Nuen, som me seier,  namnet sitt frå?.  Stordront prøvde finna svaret og fekk opplyst at NUE er ein  skapning  frå japansk mytologi. OrdetBetyr.com meiner på at nue tyder drøvtyggar.

 NRK har i ei språkspalte to alternative  forklaringar på namneopphavet:

1. Av «nuv» – koll, topp, avrundet høyde. Langenuen blir da «den lange fjorden mellom kollene».

2. Av «nu» el. «nuv» – trau, kumme, basseng. «Det lange trauet, bassenget».

Sit du på ei endå betre forklaring på namnet Langenuen, del med oss og send nokre ord til tips@stordront.no