Kommunen avviser søknaden

Ser dårleg ut for gatefotballbanen i Studalen. (Foto: Steinar Hystad)

Det har vore stillstand eitt godt år på området som skulle bli gatefotballbane i Studalen. Utstyret til ein slik bane har lege klart, men no kan det sjå ut for at det ikkje blir noko av tilbodet i det heile. Årsaka er at Eining for regulering, byggesak og oppmåling i Stord kommune ikkje har fått dei svar frå byggherre Frelsesarmeen, som det er sett krav om. Det er purra om dette ved fleire høve, og sist frist for å gje informasjon var sett til 28. desember i fjor.

Då stordront.no hadde kontakt med Frelsesarmeen tidlegare i år, vart det derfrå opplyst at dei jobba med saka.

I brev frå RBO 22. februar -22, står å lesa:   

Søknaden vert send i retur på grunn av følgjande dokumentasjon manglar: Plan-, og snitt teikningar av tiltaket. Type gjerde som skal brukast for gatefotballbingen. Støyfagleg utredning. RBO sendte førebels svar angåande manglande dokumentasjon den 07.12.2022. Då etterspurt dokumentasjon fortsett manglar ved 28.11.2023, sendte RBO varsel om avvisning/avslutning av sak, dersom dokumentasjon ikkje vart motteke innan ein månad. Då manglande dokumentasjon ved 22.02.2024 framleis manglar, vert søknaden hermed avvist. Søknaden vil bli fakturert i samsvar med gebyrregulativet for bygge- og delesaker vedteke av kommunestyret.