Har berre pengar til riving av demningen

Det er (førebels) berre midlar i budsjettet til riving av heile gamle demningen. (Arkivfoto: Steinar Hystad)

I kommunestyremøtet torsdag stilte representanten Edgar Damås (AP) tre spørsmål om  dammen og demningen, gamle Vassverket, i Lønningsåsen.  Det gjekk slik:

Spørsmål : 1. Kor langt er ein kommen i prosessen med å finna moglegheiter for ekstern støtte til tiltaket og leggja fram eit revidert alt 1?

2. Vil ein klara å halda dei nødvendige tidsfristane som er pålagde av NVE.

3. Har ein informert naboar om kor langt prosessane er komne, og kva som er tidsplanen framover for å oppfylla vedtaket som er gjort i PS 38/2023

Svar:

Kommunestyret gjorde fyljande vedtak: Kommunestyret bed kommunedirektøren i samband med budsjett for 2024 leggja fram eit revidert alternativ 1, der ein anten riv øvre halvdelen av demningen og lar den nedre halvdelen stå att, eller riv og byggjer opp at ein nedskalert demning. Kommunestyret legg til grunn at dette vil redusera kostnadene med prosjektet betydeleg, samtidig som ein legg til rette for at dammen igjen kan brukast som bade- og samlingsplass for nærområdet, og at ein tek i vare soleigroførekomsten i området. Kommunestyret vil komma attende til finansiering i samband med budsjett for 2024. Kommunestyret legg til grunn at kommunedirektøren undersøkjer alle moglegheiter for å få statleg og/eller fylkeskommunal støtte til tiltaket, som viktig kulturminne og nærmiljøanlegg, og at dette er klarlagt i samband med framlegging av budsjett for 2024. Tekniske tenester har fått inn rapport utarbeida av Norconsult på kostnadar ved å bygge ein nedskalert demning, slik vedtaket i kommunestyret seier. Kostnaden er ifølge rapporten kr 6,3 mill. pluss mva. I tillegg kjem arrondering av areal rundt dammen. Dette vart ikkje betydeleg rimelegare slik kommunestyret hadde forventningar om i forhold til å bygga ein demning i full skala. Det vart og vurdert om ein kunne riva den øvre halvdelen av demninga, og la den nedre halvdelen stå igjen. Dette var ikkje aktuelt då tilstanden på eksisterande demning er i dårleg forfatning. Det er sjekka ut om fylkeskommunen hadde tilskot å gi til bevaring av denne type dam, men her fekk me ikkje positive signal ifølge kulturkonsulenten i Stord kommune.

I kommunestyret den 30.11.23 vart budsjettet for 2024 vedteke. Her vart det ikkje sett av midlar til å bygga opp igjen dammen. Det vart orientert i BUT den 01.02.24 om at det ikkje var meir midlar i budsjettet enn å riva demningen. (Kr 1,5 mill.)