Heia «Norge i dag», helsar Stordront.no

Sidan noko av det kjekkaste som finst, er å skriva om gode opplevingar, nyttar Stordront på denne dag høvet til å senda frå seg ei hjartans takk til programposten «Norge i dag» i NRK TV. Etter å har blitt intenst detaljinformert om krigar og diverse annan usemje og helst trasige hendingar  i Dagsrevyen  – lettar inntrykket av tilværet rundt oss når me får eit knippe ja-innslag formilda via rutinerte Øyvor Bakke. Som me gjorde torsdag kveld. Det gjer beint fram godt å sjå positivismen og iderikdomen som rår på «grunnplanet».  «Man må jo finne på noe arti», som dei sa nordanfor.  Så hald fram som de stemnar i «Norge i dag».

——-

Stordront.no held fram si formidling av gode ordtak:
I drømmen kan me vera rike – utan at det kostar noko
Når ein strekkjer seg – ser ein kor lang dyna er
Lang natt og dårleg søvn – passar dårleg saman
Ein søv alltid best i si eiga seng

—–

Så nokre ord som alt for 50 år sidan var på veg ut  av stordamålet:
Hama = pynta, fjelga
Hamla = skuta båten baklengs med årane
Hattafoka = skunding, ha det annsamt, gjort i ein augneblink
Hega = hit (koma hega – koma hit)
Hauknast = tapa seg, skrantast og skruknast.